Du er her: Start/Nyhendearkiv
Helsestasjonen på Fedje i oktobersol

Er du utsett sjølv eller bekymra for eit barn?

Fram til mars 2018 skal barnevernstenesta ha ein kontordag på Fedje i veka. Det vert hovudsakleg om torsdagen, men dag kan endrast etter behov.

Fedje kommune kjøper barnverntjenester frå Austrheim kommune. I barnevernstenesta er det fire tilsette, tre barnevernskonsulentar og ein leier. Dei har fast kontortid frå kl 08.00-15.30, og dei har kontor på Austrheim kommunehus.

I første omgang er det Annika Tvedt Villanger som er på Fedje. Ho har fått tildelt kontor på helsestasjonen.

For kontakt kan ein koma innom helsestasjonen eller ringa på telefon 40903870 for spørsmål eller avtala av tidspunkt.

 Barnevernstenesta kan òg kontaktast alle vekedagar, sjå heimesida for meir informasjon.

Web levert av CustomPublish