Du er her: Start/Nyhendearkiv
dårleg balanse

Er du redd for å falle ?

Gruppetrening med fysioterapeut frå 20.november 2017.

Har du frykt for å falle eller har du allereie falt ein eller fleire gonger?

Fysioterapeuten i Fedje kommune startar opp med fallførebyggjande treningsgruppe for eldre  20.november 2017.

Vil du vere med?

Fedje kommune tilbyr gruppetrening for å førebyggja fall til heimebuande eldre. Gruppa vert forlenga og utvida i omfang over nyttår.

KVEN KAN DELTA
Tilbodet er for eldre med redusert balanse som har lyst til å trene!

For å kunne delta på treninga er det ein føresetnad at ein kan ta imot instruksjon. Deltakarane må ha gang- og ståfunksjon, og må kunne kome seg til og frå Fleirbrukshallen på eiga hand. Drosje kan rekvirerast ved behov og deltakarar må då betale eigenandel til drosjen inntil ein har fått frikort klasse 1.

KVAR OG NÅR
Fleirbrukshallen.
Måndagar kl. 11.45-12.45  

OPPSTART
Måndag 20. november 2017

Dersom du ønskjer å delta på gruppetrening eller ønskjer meir informasjon kan du ta kontakt direkte med fysioterapeuten til dømes på telefon, tekstmelding eller e-post. Telefonnummer til mobil er: 40438494 eller e-postadresse: Kristin.Aase@fedje.kommune.no

Web levert av CustomPublish