Nordsjøløypa - vestre Fedje frå sør mot nord -EVsommar14

Den eldste historia

Det er ikkje gjort mange arkeologiske funn på Fedje, men natur- og kulturlandskapet kan fortelja oss at menneska har brukt øya kontinuerleg som beiteland heilt sidan steinalderen. Torvmyrane og kystlyngheiane me vandrar over fortel oss denne historia.

For om lag 13000 år sia forsvant innlandsisen sakte og Fedje kom til syne. Dei neste 9000 åra er det store variasjonar i vannstand.  Årsakene er vassmassar frå den smeltande innlandsisen og heving av jordskorpa. Fedje steig sakte vidare opp av havet og var oppe på 4,5 meter over dagens nivå for om lag 4000 år sidan. Vasstanden endra seg vidare sakte fram til den me har i dag.

Vegetasjonen har endra seg mykje dei siste 8000 åra. Den har gått frå open lauvskog til lynghei. Fram til for 4000 år sidan vart det meir skog, buskar, urter og lyng.  Så starta steinaldermenneska med å rydda vekk vegetasjon for å skapa nytt beiteland til dyra sine. Frå 4000 til 2000 år sidan vert det mindre skog og Fedje vert omdanna til eit ope lyngheilandskap.

Forekomst av trekolstøv i sedimantlaga på bunnen av tjern viser at det har budd folk på Fedje lenge. Dei gode hamnetilhøva er ei av forklaringane på dette. Fedje var nok eit gunstig område å setje dyr på beite allereie i yngre steinalder. Rovdyr var det lite av og dyra kunne ikkje røma. Det milde klimaet gjorde det mogeleg for dyr å klare seg sjølve på lyngbeitet gjennom vinteren. Eit slikt husdyrhald er lite arbeidskrevjande og kan godt kombinerast med fiske og fangst.

Steinaldermenneska si skogrydding starta utviklinga av myrlandskapet på Fedje. Det er spesielt at myrlandskapet kom så tidleg som i yngre steinalder. Andre stader på Vestlandet kom denne skogryddinga først eit par tusen år seinare.

Web levert av CustomPublish