Tyske soldatar marsjerer under andre verdskrigen

Den andre verdskrigen

Den tyske okkupasjonsmakta var sterkt til stades på Fedje under den andre verdskrigen. Øya sin strategisk viktige posisjon som nabo til Nordsjøen gjorde at tyskarane etablerte base med radar her.

Områda i Vinappen vart kraftig utbygde under den andre verdskrigen, då tyskarane etablerte ein base her. Det vart bygd veg hit. Eit radartårn på 40 meter vart reist der huset til los Martin Karlsen sto. Den same Karlsen hadde nokre år tidlegare (i 1934) vore los for krigsskipet Deutschland då rikskansler Adolf Hitler vitja Noreg og Sognefjorden på sitt første utanlandsbesøk. Den tyske radaren på Fedje  hjalp tyske fly til å finna vegen til Herdla flyplass på Askøy.

Forsvarsanlegga som tyskarane bygde er avgrensa til nordre og søre Vinappen og Hesthaugen. I tillegg er det eit mindre anlegg i Toskarhaugen. Avdelingane hadde kvar sine anlegg, med administrasjonskontor, matsal og bustadbrakker.  I tillegg var det ei sjukestove og ei badstove. Dei bygde vegar, damanlegg, skytebane, og ein jernbane som frakta stein opp til den staden der radartårnet vart reist. På det meste var kring 400 tyskarar stasjonert på Fedje.

Det er framleis mange krigsminne att frå Forsvarsanlegget på Fedje. På tuftene til radartårnet vart det bygd losstasjon og seinare Trafikksentralen. Spisebrakka i Hesthaugen vert nytta som ungdomshus, og andre bustadhus i området er også gamle tyskerbrakkar – nokre meir oppbygd enn andre. Les meir her om krigshistoria og krigsminna ein finn i dag i Vinappen.

Web levert av CustomPublish