Torvhaugane - utsyn nedover feltet mot sentrum 1 -EVokt15

Ledige tomter i Torvhaugane bustadfelt

Bu tett på fiskelykka!

Tomtene i Torvhaugane ligg  ute for sal. Byggjer du her, er vegen kort både til landsbylivet og til båt- og friluftslivet. Med tomt følgjer rett til båtplass i eigen småbåthamn til bustadfeltet.
 


  1 / 10 
 
Torvhaugane bustadfelt 
Torvhaugane bustadfelt
Bustadfeltet er inndelt i 10 tomter og ein felles leikeplass. Tomt nr. 1, 3 og 4 er selde pr november 2016. Dei fleste tomtene er store nok for to bustader, og kan difor verte delt, om ønskeleg. I Dansevågen vert det bryggjeanlegg for bustadfeltet. Illustrasjon/foto: Fedje kommune/Lasse Tur.
 


Bu tett på fiskelykka!

Bustadfeltet og tomtene

Bustadfeltet ligg flott til på Vestkanten, eitt steinkast eller fire frå Dansevågen. Her kan ein både leva tett på naturen, samstundes som ein kan leva livet som landsbybuar. Området er barnevennleg og kan by på opplevingar i fjæra, i lyngheiane og på leikeplassen som vert laga til inne i bustadfeltet. Med båt i småbåthamna som etter kvart kjem på plass, er vegen kort til fiske og krabbefangst og øyriket nordom Fedje.

No har du moglegheita til å kjøpa tomt i Torvhaugane bustadfelt. Frist for å melda seg til først tildeling gjekk ut 4/11-2015. Etter den første tildelinga gjeld prinsippet "førstemann til mølla".

 

Tomtene i Torvhaugane har ein storleik på kring 1 - 1,3 mål (1000-1300 m2), og er ferdig opparbeida med veg, vatn og kloakk. Dei fleste av tomtene er store nok til at det er plass til to bustader. Det er mogleg å kjøpa ein halv tomt.

Pris per tomt er kr 656.000,- kronar. Vert ein tomt delt i to, vert prisen halvert. I tillegg betalar kjøpar 30,- kr per m2 råtomt, samt tilknytingsavgift for vatn og kloakk, tinglysingsgebyr og dokumentavgift. Ved kjøp etter 1. januar 2016 vert tomteprisen justert etter konsumprisindeksen. Fullstendige vilkår for kjøp finn du her.

 

Er du under 35 år eller har barn under 16 år? Då kan du, om du er eller vert busett på Fedje, søkja tilskot når du kjøper tomt i bustadfeltet. Med tilskotet får du halvparten av tomteprisen tilbakebetalt over fem år. Tilskotet føreset at du byggjer bustad og bur på tomta. Meir om vilkår for tilskot finn du her.

 

Kjøp av tomt gir rett til båtplass i ei småbåthamn som vert bygd for bustadfeltet. Pris for båtplass er ikkje inkludert i tomteprisen. Du betalar for den breidda du treng i flytebryggja (maks 3 meter). Førebels estimert pris er 20.000 kr per meter breidde, noko som tyder 50.000 - 60.000 kr for ein standard båtplass. Endeleg pris vert fastsett når kostnadane med bygginga av bryggjeanlegget vert kjende. Vilkår for kjøp av båtplassar finn du her.

Kart over bustadfeltet Torvhaugane i målestokk 1:1500
Kart over bustadfeltet Torvhaugane i målestokk 1:1500. Trykk for å forstørrra.

 

Interessert i å kjøpa tomt? Send brev eller e-post til Fedje kommune og sei kva tomt du ønskjer. Kartet ovanfor synar dei ulike tomtene, nummererte frå 1 til 10. Trykk på kartet for å forstørra det.

Adresse: Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 FEDJE

E-post: postmottak@fedje.kommune.no

Treng du meir informasjon?

Ta kontakt med plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug på tlf. 56 16 51 13 eller e-post oyvind.tolleshaug@fedje.kommune.no.

 

 

Torvhaugane bustadfelt. Foto: Lasse Tur. Illustrasjon: Fedje kommune
Torvhaugane ligg fint til på Vestkanten, midt mellom open natur og busetnaden kring vågane. Klikk på biletet for å forstørra det. Foto: Lasse Tur. Illustrasjon: Fedje kommune
Skriv ut Skriv ut