Du er her: Start/Nyhendearkiv
Smooth Operators

Smooth Operators er ei gruppe på fire personar frå fire generasjonar, som lovar engasjement og god stemning på sine konsertar.

Bob Dylan-konsert på Fedje

For fyrste gong vert det arrangert konsert på Fedje Folkebibliotek, når Smooth Operator kjem og skal framføra Bob Dylan si musikk.

Bibliotekar Else Ferøy kjenner til gruppa og fortel at fleire andre bibliotek hatt dei på besøk.

– Eine medlemmet, Jan-Erik, er faktisk biblioteksjef i Vaksdal. Dei har reist rundt på ulike plassar, og hadde eit sterkt ønske om å koma til Fedje, fortel Ferøy om bakgrunnen til konserten.

Smooth Operator er ei gruppe som har laga eit program om Bob Dylan si sekstitallperiode. Mellom songane fortel dei historia om korleis Dylan si musikk og lyrikk utvikla seg. Dei tek òg med ei fri omsetjing til norsk av tekstinnhaldet i kvar song. 

Ulike arrangement på bibliotek er veldig i tida no, til dømes har hovudbiblioteket i Bergen vorte eit populært kulturelt samlingspunkt.

– Eg vonar det kan verta plass til 30-40 stykk, seiar Else Ferøy, som er spent på oppmøtet, og håpar mange vil ta turen på onsdag 8.november klokka 19.

Web levert av CustomPublish