batterijakt

Batteri-jakta er i gong!

Elevane på Fedje skule slår til igjen! No vil dei ha dine batteri. Har du (vanlege) batteri i heimen kan du levera desse til ein som går i andre, tredje eller fjerde klasse på Fedje skule!

«Vi allereie fått inn 5 kilo batteri sidan vi starta på måndag», fortel lærar Saskia Tragner. Ho meldte 4. klasse (og 3. klasse) på jakta som skal vare i tre veker framover.  Dei kjem til å arbeide med dette i mest samband med uteskulen.

Har du (vanlege) batteri i heimen kan du levera desse til ein som går i andre, tredje eller fjerde klasse på Fedje skule.

Det er Miljøagentane (borna si miljøorganisasjon) som står bak det nasjonale prosjektet, og over 13.000 fjerdeklassingar frå heile landet er i desse dager på batterijakt.

Web levert av CustomPublish