Du er her: Start/Nyhendearkiv
Bilde med skrift til stillingsutlysninger i kommunen

Barnehagelærar

Fedje barnehage har no eit ledig vikariat som barnehagelærar fram til 1.1.2019

Fedje barnehage har 2 avdelingar for born i alderen 1-6 år. Barnehagen har opptak heile året, og alle som søkjer får plass. Nærområdet til barnehagen har mange fine turløyper og ligg nær fjære og sjø. Det vert servert lunsj kvar dag, og varmt måltid ein gong pr veke.

Sentrale oppgåver er: pedagogisk leiing, samarbeid med foreldre, planlegging, dokumentasjon og vurdering, og rettleiing av personalet.

Kvalilfikasjonskrav

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Initiativrik og har engasjement
  • Fagleg interessert, og er villeg til å reflektere over eigen praksis
  • Gode samarbeidsevner
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Fortrinnsvis høg digital kompetanse

Vi ynskjer oss ein kompetent og fleksibel medarbeider som vil vere med å vidareutvikle tenestetilbodet i barnehagen vår,  saman med trivelege kolleger i landsbyen vår. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Tilsetjingane skjer etter dei til ei kvar tid gjeldane lover, reglar og tariffavtalar.

Søknadsfrist: 10.02.2018

For spørsmål om stillinga, kontakt styrar Åshild Hope Herland på telefon 95028159.

Søknad med CV og to referansar sender du til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje, eller postmottak@fedje.kommune.no.

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår: http://www.fedje.kommune.no/her-kan-du-sjaa-fedjefilmen.6073533-299349.html

 

Fedje barnehage – ein liten barnehage med eit stort hjarte!

Web levert av CustomPublish