Badestranda på Fedje

Badestranda på Fedje

Badestranda

Sjølv langt til havs som på Fedje kan ein få seg eit varmt bad når sommaren først har slått til. Badestranda ved Husavatnet er eit populært utfartssted i varmt sommarvêr.

Husavatnet er eit brakkvatn og vert difor raskare varma opp enn sjøen utanfor. Her er det laga til ein fin badeplass med ein liten strand, plattingar, flytebrygge med meir. Det er toalett og bossdunk på området. Ein smal kanal i vest er den einaste forbindelsen mellom Husavatnet og havet. Vatnet er difor godt eigna til symjing, padling og andre vassaktivitetar.

Web levert av CustomPublish