Fedje kommunevåpen

Fedje kommunevåpen

AVTALEGIRO

Fedje kommune kan no endeleg tilby avtalegiro som betalingsform. Dette kan du gjere på to ulike måtar.

No kan du inngå AvtaleGiro på ein enklare måte. Klikk på knappen, så er du i gong! Du vil komme til ei landingsside med pålogging med BankID. Dersom du ikkje finn din bankforbindelse i lista over bankar her, må du kontakte banken din.

Når du har logga deg inn vil du få full oversikt over rekningane dine som du betaler med AvtaleGiro. I tillegg gjev vi deg døme på andre rekningar som du kan betale med denne automatiske løysinga.

AvtaleGiro sørgjer for at rekningane dine blir betalt frå kontoen din på riktig dato utan at du treng foreta deg noko. Ønskjer du det, vil du bli varsla på e-post sju dagar før forfall. Dette må du huke av for, når du inngår avtalen.

ATG_728x90_turkis_regningautomatisk.png

Du kan óg gå i din eigen nettbank og registrere avtalegiroavtale med Fedje kommune der. Du må då ha eit KID nr. frå den siste rekninga di frå kommunen, som du har fått tilsendt etter mai. Dersom du ikkje har eit slikt KID nr., kan du ta kontakt med økonomikontoret v/Ragnhild G. Husa og få dette oppgjeve.

Vi håpar mange vil ta dette i bruk. Lukke til!

Web levert av CustomPublish