Skilt ved slaren om bostømming på Fedje

Skilt ved slaren om bostømming på Fedje

Avfall

NGIR tar hand om avfall for hushald og verksemder i Fedje kommune.
 

Kjeldesortering
Gjennom NGIR kan feiingane sortera matavfall, papp og papir, plastavfall og restavfall for seg. Lurar du på kva avfall som skal i kva dunk? NGIR fortel deg korleis du sorterer!


Hageavfall
For hageavfall har vi ei lokal løysing. Du kan levera hageavfall (tre og buskar) i Flyndrevågen. Av dette lagar kommunen flis. Du kan derimot ikkje kvitta deg med gras her. Området er stengt med bom. Nøkkel kan du låna hjå teknisk etat.
 

Farleg avfall (spesialavfall)
Farleg avfall kan vera lysrør, sparepærer, oppladbare batterier, reingjeringsmidler, sprayboksar, plantevernmiddel, malingsrester og spillolje.

Malingsrestar skal ein i hovudsak ta vare på, og bruke på andre jobber, som grunning eller til støvbinding.
Farleg avfall (spesialavfall) har eigne henteruter. Det kan også leverast til gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen.
Vindu kan leverast til gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen.

Informasjon om bygningsavfall.
Byggjeavfall skal ikkje brennast.

• Du kan kjøpe ekstrasekker på teknisk etat (kr 15,- pr sekk)
• Du kan låne ein 660 liters konteinar hjå Fedje kommune, tømminga må du betale sjølv.
• Du kan levera trevirke hjå teknisk etat ( mot betaling ). Vi har en 30 m3 konteiner for dette.
• Du kan låne tilhenger gratis hjå Fedje kommune, for levering til gjenbruksstasjon. (NGIR eller Knarvik)
• Har du store mengder avfall, ta kontakt med NGIR for leige av konteinar.
• Vinduer kan du levere saman med ee-avfallet på vår- og haustryddinga.

Web levert av CustomPublish