Aurihopen -EVsommar2014

Aurihopen

Ein kort gåtur i Nordsjøløypa frå Fyrsundet finn du Aurihopen. På fine dagar er dette eit perfekt for ein piknikk for heile familien. Mange har grilla pølsane sine og tatt seg eit bad her.
 

Du kjem til Aurihopen om du går "langløypa" langs vestsida av Fedje. Aurihopen ligg skjerma til, med storhavet som næraste nabo. Ein ferskvasspoll, eit bekkefar, sjøen, steinar og småberg gjer det til ein spanande stad å utforska for ungane.

Aurihopen - utsikt mot storhavet -EVsommar2014

Like ved storhavet

Viss du klatrar opp på haugen i vest får du ein flott utsikt over storhavet. Framfor deg ligg dei blankskurte berga som havet tærer på. Om du går utover berga ein godvêrsdag vil du bli overraska over kor langt oppover land bølgjane har "gjort reint".

Web levert av CustomPublish