
Publisert 04.05.2012
Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 600 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me ”sørlandsidyll” og om vinteren ruskevêr.
Pleie- og omsorgstenesta omfattar sjukeheim med 16 bebuarar, heimetenester, heimehjelp og PU-teneste. No skal me utvide med eit dagtilbod retta mot heimebuande demente. Tenesta er underlagt pleie og omsorgsleiar, og skal jobbe i nært samarbeid med psykiatritenesta.
Søknadsfrist: 18.mai 2012