Regionale kart/flyfoto
Vêrmelding for Fedje
Postliste
Kulturskulen
Fedje kulturskule er leia av Jan Torry Sande
Tlf. 56165110
jan.torry.sande@fedje.kommune.no
MusikkIllustrasjonsfoto av bassgitar og forsterkar.
fotografJan Torry Sande
Kulturskulen kan tilby undervisning i:

Piano, orgel, keyboard, trekkspel, tuba, eufonium, baryton, althorn, kornett, flygelhorn, trommer, gitar, bassgitar og fiolin.

I tillegg vert det tilbydd kurs i revy, band, korsong, dans osv. Tilbodet er avhengig av kva lærekrefter me har tilgjengeleg.

Faste lærarar er Jan Torry Sande og Tord Ivar Marøy.


UNDERVISNING
Undervisninga i kulturskulen føl skuleruta.
Dei vanlege undervisningsformene er gruppeundervisning og einetimar.
Undervisningstida vert avtalt med lærar for kvar aktivitet.
Det vert teke atterhald om at det kan skaffast kvalifiserte instruktørar.


INSTRUMENT OG UTSTYR
Regelen er at elevane skal halde instrument og notar sjølv.
Kulturskulen disponerer følgjande større instrument: Piano, orgel og keyboard.

ELEVBETALING
Elevbetalinga er for tida kr 1050,- pr. semester for ein aktivitet.
Dersom du vel to eller fleire aktivitetar, vert semesterbetalinga kr. 1575,-.
Det vert gjeve søskenmoderasjon på 50%.


KVEN TILBODET GJELD FOR
Alle som er busette i kommunen kan, frå det året dei fyller 8 år, søkje om opptak i kulturskulen.


OPPTAK
Søknaden er bindande etter at svar på opptaket er motteke.
Utmelding skal gjerast skriftleg til kulturskulen og må vere poststempla eller kulturskulen i hende seinast ein månad før semesterslutt.

Søknad om plass i kulturskulen vert sendt til
Fedje Kulturskule v/Jan Torry Sande, Fedje kommune, 5947 Fedje.
Publisert av Dagrun. Sist endret 02.08.2010
A Brincman ved kaien
A Brincman ved kaien
Ferjeruter
Fedje kommune
5947   Fedje
 
E-post : postmottak@fedje.kommune.no
 
 
Telefon : 56 16 51 00
Faks : 56 16 51 19
Org.nr. : 944 041 036
Kontonr. : 3490.05.20400
Kommunenr. : 1265
_
Åpningstid : 08.30-15.00
 
  Utskriftsvennlig versjon spacer skille Søk spacer skille Tips en venn spacer skille Kontakt
 
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Levert av ACOS AS