|
|
|
|
|
|
|
U-864
|
|
I samband med hevinga av U-864 har Fedje kommune sett i gang eit arbeid med å samle informasjon om den historiske bakgrunnen til ubåten. Målet er å få etablert i utstilling i ei eller anna form - i framtida.
|
Publisert av
Sande, Jan Torry.
Sist endret 26.10.2009
|
|
Undervassbåten U-864 var bestilt 5.juni 1941, og sjøsett 12.august 1943 ved verftet A.G. Weser i Bremen. Den var sett i beredskap 9.desember 1943 og Ralf-Reimar Wolfram var kaptein fram til den vart senka.
”Oppdrag Caesar”
Det var mykje hemmeleg omkring det siste toktet til U-864. U-båten var på veg til Japan via Norge. Personell med teknisk spesialkompetanse var med på toktet. Om bord var det mellom anna deler til to små jetfly av type Messerscmitt Me-262, eit lite helikopter og 65 tonn metallisk kvikksølv som ballast. Kvikksølvet er lagra i stålflasker. Det er rimeleg å anta at det var mykje teknisk informasjon med i lasta.
HMS Venturer
9.februar 1945 senka den britiske ubåten HMS Venturer U-864 vest for Fedje. Koordinatane der U-864 ligg i dag er 60.46 grader nord og 04.35 grader aust, omkring 2 km vest for Fedje. HMS Venturer torpederte U-864 i undervassposisjon, noko som er uvanleg. Eit heldig treff delte U-864 på midten og mannskapet på 73 omkom.
A.G. Weser
A.G. Weser var eit skipsverft som låg ved Weser-elva i Bremen. Verftet var grunnlagt i november 1843 og var i drift fram til 31.desember 1983.
I første verdenskrig sjøsette A.G. Weser 96 u-båtar. Gjennom andre verdskrigen produserte verftet u-båtar for den tyske Kriegsmarine. Gjennom andre verdskrigen sjøsette A.G. Weser heile 162 u-båtar.
(Artikkelen er under arbeid)
|
|
|
|
|
Hellisøy fyr
Foto : Trond Ågotnes
|
Fedje kommune
|
|
|
|
|
|
5947
Fedje
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 16 51 00
|
|
Faks
|
:
|
56 16 51 19
|
|
Org.nr.
|
:
|
944 041 036
|
|
Kontonr.
|
:
|
3490.05.20400
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1265
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08.30-15.00
|
|
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|