|
Fedje folkeboksamling har ei ganske stor samling sjølv, og kan i tillegg låne inn bøker, CD'ar og filmar frå andre bibliotek. Biblioteksjef Else er serviceinnstilt og kan hjelpe deg med det meste!
Biblioteket er utstyrt med prosjektor/tv og komplett videokonferanseutstyr. Me har PC'ar med tilgang til internett til gratis utlån.
Med jamne mellomrom har me musikksamling og/eller eventyrstund for dei minste. Sjå "framsida" på heimesidene for oppdatering på kva som skjer, eller oppslag på butikken.
|