"Fedje og folket" er ei bok om dei som har budd på Fedje opp gjennom tidene", skriv forfattaren Arvid Skogseth(
arviskog@online.no) i sitt forord til boka. "Fedje og folket" kom ut i 1997 og har seinare kome i nytt opplag. Boka er på 570 sider og inneheld om lag 530 bilete, som gjev eit variert inntrykk av øysamfunnet Fedje. Fedje har eit lite areal, berre 9,5 km2, men er tettbygd, mest som ein landsby. – Boka kan kjøpast hjå Fedje kommune for kr. 450,-. Eventuell frakt kjem i tillegg. Spørsmål om boka kan rettast til forfattaren eller kulturkontoret.