Fiskefestivalen 2014 - Liv på Havstadkaien - behandla -EVjul14

Årlege arrangement

17.mai - program:

Kl. 09.00   Flaggheising ved Sjukeheimen

Kl. 10.00   Toget startar i Kahrskrysset

Kl. 10.45   Kranselegging ved minnestøtta

Kl. 11.00   Gudsteneste i Kyrkja

Kl. 12.30   Korpset marsjerer inn på skuleplassen. Sal av middag i fleirbrukshallen.

Kl. 13.30 – 15.30 Leikar på skuleplassen

Kl. 16.00   Kulturtimen i Fleirbrukshallen

Fiskefestivalen

Fiskefestivalen er ein tradisjonsrik dag på Fedje. Den går av stabelen i juli og har sjølvsagt fiskekonkurranse som eit sentralt element. I tillegg er det gjerne underhaldning, sal frå buer og dans om kvelden.

Kulturvandring gjennom landsbyen i havet

I midten av august er det duka for "Kulturvandring gjennom landsbyen i havet". Denne dagen er ein del av Kystsogevekene som vart starta opp i 1997. Fram til 2010 vart dagen kalla "Torgdagen" og vert av mange kalla det enno. Dagen endra innhald i 2010 og fekk difor ein ny tittel. Det har blitt tradisjon med open dag i Kystverket sin Trafikksentral, basar i Bedehuset og Maritimt meisterskap. I tillegg er det gjerne ein konsert, eit foredrag  eller ei framsyning av ein annan karakter.

Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er eit stort arrangement på Fedje. Dagen er i oktober, men den har ikkje vert halden på same dag kvart år. På ettermiddagen er det rebusløp for store og små. Så er det eit stort arrangement i hallen med utlodding, kveldsmat, underhaldning og eit foredrag, eller anna innslag, om temaet psykisk helse. Det kjem gjerne omkring 150 på dette arrangementet.

Eldredagen

Eldredagen, eller FN sin internasjonale eldredag, er 1.oktober. På Fedje har me dei siste åra klart å halde arrangement på dagen. Det er gjerne på ettermiddagen i det sosiale rmmet i Fleirbrukshallen. Her er det song, eit foredrag, mat og litt anna underhaldning. Det er Eldrerådet på Fedje som står for dette arrangementet.

Julekonserten i kyrkja

I desember er det tradisjon for julekonsert i Fedje kyrkje. Her bidreg lokale kulturutøvarar og lagar julestemning for innbyggjarane på øya. Programmet varierer frå år til år, men Fedje musikkorps og dei lokale kora plar vere faste bidragsytarar.

Web levert av CustomPublish