Print

Print

Alarmtelefon 116 111 for barn og unge

Nokon opplever diverre omsorgssvikt, overgrep og vald heime. Er du ein av dei eller kjenner du nokon som lever under slike forhold? Ring Alarmtelefonen på 116 111 - dei vil hjelpa deg. Ring sjølv om du er i tvil!

Det er mange som kan ha behov for å kontakta Alarmtelefonen - alt frå behov for akutt hjelp til nokon å prate litt med.

 

Alarmtelefonen er en naudtelefon: Ring om du treng hjelp med det same, det finst hjelp å få der du bur.

Bør barnevernstenesta kontaktast?: Ring om du vil at barnevernstenesta skal verte kontakta. Det er viktig å seie ifrå!

Om du lurer på om du treng hjelp: Ring også om du lurer på om du kan trenga eller få hjelp. Ingen telefonar er for dumme!

 

Du kan ringa alarmtelefonen 116 111 gratis og du kan vera anonym om du ønskjer det. Du kan òg senda SMS til 417 16 111 eller e-post til alarm@116111.no. Frå utlandet ring du (+47) 954 11 755. Alarmsentralen er open 15.00 - 08.00 på kvardager og heile tida i helgene - også på heilagdagar.

 

Les meir om alarmtelefonen på ung.no.

Web levert av CustomPublish