HjemAktueltNyheiterVellukka "Velkomen heim"-treff

Vellukka "Velkomen heim"-treff

Fotograf: Nils Moldøen
Seks engasjerte fedjingar inviterte saman med kommunen til treff i romjula.
Publisert: 02.01.2019
Sist endra: 07.11.2023

"Aksjonsgruppa" ønskja å fortelje utflytta fedjingar mellom 20 og 40 år kva dei går glipp av her ute - og spørje kva dei hadde å by på.

Førti menneske møtte opp til gløgg og hygge. Dei delte gode idear og innspel til kva som gjer akkurat Fedje til ein god plass å bu og vekse opp.

Landsbyen i havet ønskjer alle "Velkomen heim!"