HjemAktueltNyheiterUbåten vart pepperkakehus!

Ubåten vart pepperkakehus!

"Berre til orientering: Vi kan røpe at det faktisk var svært enkelt å heve vraket!" seier elevar ved Fedje skule, med ein tydeleg beskjed til Erna.
10 klasse ved Fedje skule var heilt sikker i si sak! Det skulle ikkje verte bygd eit heilt vanleg pepperkakehus då dei arrangerte bakedag førre veke.
Publisert: 20.12.2018
Sist endra: 08.01.2020

Elevane som mange andre på Fedje, er oppteken av ubåten som ligg på havbotnen utanfor øya vi bur på. Så temaet var ganske openbart, U-864 måtte det bli! Her måtte planlegging til.

Bilete av vraket vart studert og ulike modellar vart prøvd ut. Elevane sjølv teikna og konstruerte.

Elevane, her med Julie og Ingeborg, fekk låne Pernillekafeen til bakekvelden og arbeidsinnsatsen var på topp!

– For å halde motivasjonen oppe heile kvelden bakte (og åt) vi både kakemenn, cookies og pepperkaker undervegs i byggeprosessen, forklarar 10.klassingane.

Bygginga gjekk nesten heilt slik dei hadde tenkt, og U-864 tok form. Elevane laga både vraket på botnen og ein heva ubåt. Akvariet og kvikksølvbehaldarane fekk dei donert, og pyntinga gjekk heilt etter planen.


– Under pyntinga fann vi og ut at vi ville skrive nokre ord om kva vi tenkjer om ubåten og kva som bør skje med den. Så vi har forfatta eit dikt til Erna Solberg som vi håper ho vil ta godt imot, seier dei engasjerte elevane.

 

Kjære Erna! No må den bli fjerna! Fremtida eige vi; Og vi er ikkje bli´

Fiskane døyr Ta og høyr! Plastikk, tang og tare, Alt er i fare! Vil du ha mat på borde´ Må du komma på spore;

Løysinga er Snublande nær: 70 tonn, Rett i bonn?

Og du vil dekke til dette? Der er ikkje det rette! Ta i eit tak For å heve eit vrak

Som ikkje berre kan ligge der, Når vi bur så nær!

mvh 10 klasse ved Fedje skule

Ubåten og diktet står no utstilt på Matkroken på Fedje.

(tekst og bileter er sendt inn av lærar Mona Vabø)