HjemAktueltNyheiterSTØDIG PÅ FOT

STØDIG PÅ FOT

 I januar og februar har det vore gjennomført fallførebyggjande gruppe i Fleirbrukshallen på Fedje. Fysioterapitenesta har hatt to studentar i praksis som har stått for gjennomføringa med rettleiing frå fysioterapeuten.Oppvarming 1

Det å førebyggje fall er viktig då det å falle er den mest vesentlege årsaka til skadar hos eldre. Mange vert redde for å falle når dei vert eldre og vert nervøse for at dei har nedsett balanse og med dette nedsett ganghastigheit.

For å førebyggje fall er det fleire faktorar ein kan sjå på, heimemiljø (t.d. belysning, lause gjenstandar og tepper), medisinering og fysisk funksjon.

Treninga har vore lagt opp med styrke- og balanseøvingar til musikk. Det har vore fokus på heile kroppen, men mest på å få styrke i beina og musklane rundt hofta og det å kunne bevege seg på forskjellege måtar.

Push-up mot scene

Det har ikkje mangla på utfordringar for deltakarane, då dei har blitt losa gjennom løyper med varierande underlag, kaste ball på mål og trena på å koma seg opp frå bakken. Det siste frå ein tjukkasmatte.

Stasjon 1

Fysioterapeuten gjev dette tilbodet ein gong i året, og det er lagt opp med 2 treningar i veka i 8 veker. Vanlegvis vert deltakarane testa før oppstart og retesta etter siste trening for å kunne gjere målingar på om treninga har hatt effekt. I år fekk me ikkje gjort retestinga grunna Koronarestriksjonane, men dei andre åra har vist at denne treninga gir effekt der dei som har delteke har fått høgare ganghastigheit og auka styrke i beina. No er gruppa avslutta for i år, med mange fornøgde deltakarar, men de får følgje med på neste oppslag og bli med! Det er plass til mange fleire.


Sist oppdatert: 03.04.2020
Publisert: 02.04.2020