HjemAktueltNyheiterSambygdingar og hyttefolk

Sambygdingar og hyttefolk

Torsdag blei alle innbyggarar i Noreg bedt om ikkje å dra på hytta, grunna spreiing, samt at ein ikkje kan forventa at helsetilbodet i små kommunar kan handtere ei kraftig auke i befolkninga.

Dette er sjølvsagt og situasjonen på Fedje. Helsevesenet her er rigga for å handtere den befolkninga me normalt har. I ein krisesituasjon som denne vil ekstra pasientar legge ein ekstra byrde på helsepersonellet vårt som allereie har hatt nokre tøffe dagar bak seg.

Eg gjekk ut i Strilen og sa at me har ro på Fedje, og det har me. Men det forutsett sjølvsagt at folk følgjer dei råda som nasjonale mynde gjev.  Hyttefolk, reis heim - de er hjarteleg velkommen når denne krisa er over.

 

Helsing Stian Herøy
Ordførar
Fedje kommune

 

ERNA SOLBERG TIL HYTTEFOLKET: REIS HJEM

Statsminister Erna Solberg (H) advarer de som har reist til hyttene sine: Det lokale helsevesenet kan bryte sammen om mange blir syke.

– Jeg oppfordrer alle som er på hyttene om å reise hjem, sa Solberg på sin pressekonferanse lørdag ettermiddag.

  Hun la til at Sivilforsvaret kan bli utkalt for å banke på hytte-dører, for å be folk pakke og dra hjem igjen


Sist oppdatert: 14.03.2020
Publisert: 14.03.2020