HjemAktueltNyheiterTiltak mot koronavirus på Fedje

Tiltak mot koronavirus på Fedje

Status på koronasituasjonen i Fedje kommune

24.09.2021

Gode sambygdingar!

No går me endelig mot eit opent samfunn. Restriksjonar blir letta og me kan leva meir som før. Men, framleis blir me bedne om å følje med om me får symptom og være heime om ein er sjuk. Viruset er framleis blant oss og det er ikkje utenkjeleg at me framleis kan få utbrot på Fedje.

Ver framleis nøye med handhygiene. Det er enkle råd som reduserer risikoen for smitte.

Førre torsdag var det kommunestyremøte. Då blei det orientert om kor i løpet me er kommen i tilsetjing av nye legar. Så langt er to tilsett, kommunelege som er ein man og ei kvinne som dekker ei vekestilling. Administrasjonen er i prosess med å tilsetje ein til og då er et på plass. Eg trur veldig på denne ordninga. Me får alltid lege på Fedje og det gjer oss ein trygghet som me ikkje har utan. Ordninga er ikkje noko nytt. Fleire øy kommunar langs kysten har liknande opplegg som dei er godt fornøyde med og det trur eg me og vert. Oppdatering her er at no er og den tredje legen på plass, han har signert nettopp.

Turløypa var og oppe og eit samla kommunestyre ønskjer ein fullføring av ei rundløype til Tresneset. Løypa vil være tilgjengelig for alle og får og nokre aktivitetar som kan gjere den endå betre og kjekkare å bruke. Løypene på Fedje er mykje brukt av oss som bur her ute og kanskje bruken vil auke endå meir når dette er ferdig?

Fedjekyrkja fyller 80 år denne månaden. Det vert feira med jubileumsgudsteneste søndag kl 16.30. Vel møtt alle!

I barnehagen har dei hausta. Både potet og gulerøt har det blitt og heile barnehagen fekk vera med på jobben. Avlinga i år var kanskje ikkje noko som går i historiebøkene, men nok til grønsaksuppa som metta alle vart det.

Nyhende frå Eskejeret.

Då er honningen komet i hus. Det ser ut som det er ganske mykje meir enn i fjor, men no må den tørkast noko før den blir slynga og lagt på glas. Det er alltid fasinerande å sjå korleis biene byggjer og lagrar honningen. Det går veldig fort, det er stor forskjell i kassane på nokre få dagar. Når det er opp til 80 000 individ i ein kube skjønner ein at det går unna.

Ha ein god helg alle.

Helsing Stian Herøy

Generelle råd

REGJERINGA PRIORITERER EI OPNING AV SAMFUNNET der ein legg vekt på meir uteliv, fleire kan møtast, ein kan reise meir innanlands, barnehagar skal gå i grønt og dei fleste kan redusere bruken av heimekontor. Ja, vi kan også reise utanlands, men ein må følgje med på kva reguleringar som er gjeldande. 

Skjenkestopp er oppheva, auka innandørs og utandørs aktivitet der ein har unntak frå ein-metersregelen i bredde-idrett.

Større grupper kan vere samla.

DEI GENERELLE RÅDA stoggar deltavarianten av covid19 :

  • Å halde minst ein (1) meter avstand
  • Det er betre å møtast ute enn inne
  • Å ikkje handhelse
  • Å ikkje klemme  
  • Å nytte sprit eller såpe på hendene fleire gongar om dagen
  • Ved sjølv milde symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime og helst la deg teste
Informasjon vaksine

Vaksine for 12-15 åringar

Til alle som bor på Fedje eller oppholder seg langvarig på Fedje

 Vi er i denne uken ferdig med å vaksinere alle første gang og nesten alle andre gang.

De som ikke har fått tilbud om første eller andre dose eller har ikke tatt imot første eller andre dose, må nå melde seg til helsesykepleier Kjersti Torstensen på tlf 56 16 51 17.

 I løpet av denne uken gjør vi opptelling, og overskuddsdosene vil bli sendt til andre kommuner.

Med vennlig hilsen

Ernst Horgen

Kommuneoverlege

Fedje kommune - 12-15-åringar får tilbod om koronavaksine.

Status koronavaksinering på Fedje (27.sep 2021).

Dei som skal ha tilbod om koronavaksine på Fedje er alle vorte kontakta på telefon og er no ferdig vaksinerte eller dei har fått time til vaksinering. Nokon lurer på om dei skal ha tredje dose koronavaksine. Dei dette gjeld vert kontakta av spesialisthelsetenesta og tek då vidare kontakt med helsesjukepleiar for å få time til vaksinering.

Om du tidlegare ikkje har tatt imot tilbod om koronavaksine men ynskjer vaksine er det fint om du snarleg tek kontakt med helsesjukepleiar. Det er leveringstid på vaksinene og dei må nyttast innanfor ei viss tid. Det er også slik at me må bruka alle dosene me får når me fyrst bestiller.

Med helsing

Kommuneoverlege Ernst Horgen

Helsesjukepleiar Kjersti Torstensen tlf: 56 16 51 17

Melding frå kommuneoverlege om vaksine på Fedje:

Melding frå kommuneoverlege om vaksine på Fedje:

Til alle som bor på Fedje eller oppholder seg langvarig på Fedje

 Vi er i denne uken ferdig med å vaksinere alle første gang og nesten alle andre gang.

De som ikke har fått tilbud om første eller andre dose eller har ikke tatt imot første eller andre dose, må nå melde seg til helsesykepleier Kjersti Torstensen på tlf 56 16 51 17.

 I løpet av denne uken gjør vi opptelling, og overskuddsdosene vil bli sendt til andre kommuner.

Med vennlig hilsen

Ernst Horgen

Kommuneoverlege

 

Kva betyr nokre av dei nasjonale råda for oss på Fedje? 
  • Fleirbrukshallen: Ein har ei kontrollert bruk av styrkerommet. Sjå skjema med reglar og påmelding her: Treningsrom Fedje 
  • Fleirbrukshallen:I samarbeid med idrettslaget har ein organisert aktivitet slik som badmington (Bjarte Villanger). Brukarane vert registrert.
  • Svømmehallen: er no open for alle men kontrollert bruk og påmelding. Sjå skjema og meld deg på her: Svømmebassenget
  • Sjukeheimen: Ein føl dei generelle råda. Besøkande vert registrert

 

Med venleg helsing

Ernst Horgen

Kommuneoverlege

Anna informasjon

På Fedje følgjer vi nasjonale råd, forskrift og reglar. Dei finn du på Helsenorge.no:  Koronavirus - helsenorge.no

Du kan lese generell informasjon om det nasjonale koronavaksinasjonsprogrammet på temasidene til folkehelseinstituttet:

Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI

 


Sist oppdatert: 27.09.2021
Publisert: 06.03.2020