HjemAktueltNyheiterBiblioteket i koronatid

Biblioteket i koronatid

KORLEIS LÅNE BØKER PÅ BIBLIOTEKET NÅR DET ER STENGT ?

Biblioteket er stengt inntil vidare, men me vil gjerne være behjelpeleg dersom det er nokon som vil låne litt godt lesestoff i desse tider.

For å finne ut om me har den boka du gjerne vil lese, kan du gå inn på:

https://www.nordhordlandsbiblioteka.no/ Under den gule linja står det:SØK PÅ ALT VI HAR Å TILBY.. og der finn du ut kva for bibliotek i NH som har boka og om den er tilgjengeleg.

Send så ei melding til : biblioteket@fedje.kommune.no eg lagar til bøkene i ein pose og heng dei på utedøra. De vil få ei melding frå biblioteket kor tid de kan hente dei.

PRESSREADER ER EIT SUPERT TILBOD I DESSE DAGAR

Ved å gå inn på nettsida til Nordhordlandsbiblioteka kan du få gratis tilgang til 2350 aviser og tidsskrift  på over 60 ulike språk.

For eksempel kan du lese Bergens Tidende, Strilen, Dagbladet m.fl.

Logg deg inn på https://www.nordhordlandsbiblioteka.no/ og finn ut meir om Pressreader


Sist oppdatert: 02.04.2020
Publisert: 02.04.2020