Foredrag med Kristin Sørsdal, Om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet

Kristin Sørsdal har arbeidd som frivillig flyktninghjelpar ved yttargrensa av Europa langs strendene ved Middelhavet.Kristin Sørsdal er mest kjent for å ha omsett Napoli-kvartetten til Elena Ferrante. Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra, og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, "Mare". Foredraget ho skal holde er ei personleg reise driven av eit ønskje om sjølv å sjå flyktningstraumen over Middelhavet til Europa. Omsetjing, språk og eigne reiser er ein raud tråd gjennom foredraget. Arr. er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek.

Arrangør: Austrheim folkebibliotek
: Austrheimstova/biblioteket
Tid: torsdag 19. april 19:00
Vaksne
Møte og foredrag