Migrasong - tonane dei bar med seg over havet

Framsyninga «Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er samansett på grunnlag av eit stort historisk materiale. Me fylgjer den 16-årige Olina og den 17-årige Ananias si reise til Amerika på slutten av 1800 talet.

«Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er vel ein times musikk- og forteljarprogram framført av songaren Reidun Horvei som også har skrive denne framsyninga. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove har laga arrangementa og akkompagnerer henne.

Den visuelle klangbotnen vert eit biletspel prosjektert som ein bakgrunn og vil fungera som ei fordjuping av utvandrarane sitt levevis og er integrert med scenebiletet og går i dialog med spelet på scenen.

Dørene opnar kl 18:30 Forestillinga startar kl 19:00

Arrangør: Vestnorsk utvandringssenter
: Emigrantkyrkja på Sletta
Tid: sndag 11. februar 19:00
Alle
Konsert
http://www.muho.no/vestnorsk-utvandringsse...
https://www.facebook.com/events/1575002919...