Klimaendringar på Vestlandet: Korleis handtere det uunngåelege?

Debatt og foredrag på biblioteket

Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer Radøy kommune for klimaet? Kva utfordringar står innbyggjarane og næringslivet i Radøy overfor? Korleis kan vi saman gjere miljøet betre?

Enkel servering. Gratis inngong

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Hordaland Fylkesbibliotek og Radøy bibliotek

Arrangør: Radøy bibliotek
: Radøy bibliotek
Tid: torsdag 18. januar 19:30
Møte og foredrag