Kristin Sørsdal om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet

Kristin Sørsdal har arbeidd som friviljug flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet. Ho har omsett Allessandro Leogrande si bok «La frontiera» (no. Tit.: «Grensa») til norsk, men mest kjend er ho for å ha omsett Napoli-trilogien til Elena Ferrante. Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, «Mare». Foredraget er ei personleg reise driven av eit ønskje om sjølv å sjå flyktningestraumen over Middelhavet til Europa. Omsetjing, språk og eigne reiser er ein raud tråd gjennom foredraget.

Om Kristin Sørsdal (1966).
Lærar, forfattar og omsetjar. Har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, har mellom anna omsett bøkene til Elena Ferrante og gitt ut 3 romanar. Den siste, «Mare» kom i 2017.

Arrangementet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek.

Arrangementet er gratis.

Alle er velkomne!

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: mandag 16. april 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no