Atomkraft? Nei takk, ikkje i Lindås

Ei forteljing om sivil ulydnad som gav resultat.
Vi har ikkje atomkraftverk i Norge, og det var strilane frå Lindås som stoppa det.
Kva skjedde eigentleg sommaren og hausten 1974 då strilar frå Ostereidet og Hodneland mobiliserte og fekk sett ein stoppar for kjernekraftverk i Lindås, og i realiteten i resten av landet.
I kveld får vi høyre to kvinner fortelje om den sivile ulydnaden og kva som skjedde dei avgjerande månadane sommaren og hausten 1974.

Liv Gjerde Eikanger representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret i Lindås . Ho talte partiet og dåverande miljøvernminister Gro Harlem Brundtland midt imot.
Inger Helen Midtgård er høgskulelektor på Høgskulen på Vestlandet og forskar på atomkraftverkmotstanden i Lindås i 1974.

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: torsdag 8. mars 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no