Reiseplanar? Nordhordland fotoklubb viser bilete frå reiser

Drøymer du om tur til Kina, eller skulle du gjerne sett korleis det ser ut i Polen? Det er tid for å planleggje ferien, og vi har invitert Nordhordland fotoklubb til å vise bilete og fortelje om eksotiske, og kanskje ikkje fullt så eksotiske, reisemål. Fotoklubben har fått frie hender til å plukke reisemål, men vi har høyrt rykte om både Island og USA, for å nemne nokre.

Bileta vert viste på storskjerm. Kanskje er det også tips å hente for glade fotoamatørar som gjerne vil ta betre bilete.

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 21. februar 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no