Forfattartreff med Sissel Værøyvik

Det er allereie tre år sidan Sissel Værøyvik besøkte biblioteket i Lindåshallen og fortalde om debutromanen «Rakels bok». Der var Hanna ein biperson. No har ho fått si eiga bok – «Hannas brev».

Værøyvik vev saman to kvinneskjebnar. Billie lever sitt liv i New York og kjem tilfeldigvis over ein bunke brev som Hanna har skrive og byrjar å utforske historia til denne ukjende kvinna. I jakta på Hanna vert lesaren tatt med attende til Bratislava på 1960-talet, til ei tid som var avgjerande for utviklinga i Europa.

Vi ser fram til eit nytt møte med Sissel Værøyvik.

Arrangementet er gratis.

Alle er velkomne!

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås filial, Lindåshallen
Tid: mandag 15. januar 19:00
Vaksne
Litteratur
http://www.facebook.com/events/52520092118...
http://www.mittnordhordland.no