Oppdrag juleglede

Denne kvelden får me besøk av sjølvaste Anne Hvidsten, som nett har gjeve ut boka "Oppdrag juleglede". Dette er ei nydeleg barne- og familiebok i 24 kapittel, rikt illustrert av Solveig Serigstad Hauge. Boka kan lesast som ei adventsbok, og denne kvelden les Anne frå det spennande favorittkapittelet sitt; "Pepperkakebygden".

Anne har også med seg gitaren, og lagar julestemning med dei to nye låtane sine; "Snømannsangen" og "Desembersangen".

Me pyntar pepperkakehus, og kosar oss med fargelegging av teikningar frå boka.

Velkommen til ein stemningsfull familiekveld for store og små.

Arrangør: Austrheim folkebibliotek
: Austrheim folkebibliotek/Austrheimstova
Tid: mandag 11. desember 18:00
Barn
Anna
http://www.julegleder.no/