Leo kjem til Lindås

I 2016 samla politikarane seg om Kvalitetsplan for oppvekst. Hovudmålet bak tiltaka i planen er å leggje til rette for ein trygg oppvekst der alle kan delta, meistre og lære. Eitt av tiltaka er å invitere til to større, opne temamøte kvart år.

Tysdag 31.oktober kl.19:00 går Leo Ajkic på scenen i Nordhordlandshallen for å snakke om kjærleik, inkludering og det å kjenne seg utanfor. I tillegg til Leo Ajkic vil eit panel av ungdommar medverke med si stemme. Dørene opnar kl.18:00.

Målet er å samle både ungdommar og vaksne (t.d. foreldre, tilsette, frivillige innan idrett og kultur) denne kvelden, og at vi saman set fokus på kva som skal til for at barn og unge skal ha det godt og kjenne seg trygge.

Arrangør: Lindås kommune
: Nordhordlandshallen
Tid: tirsdag 31. oktober 19:00
Møte og foredrag
https://www.lindas.kommune.no/leo-kjem-til...