Bokgilde: Presentasjon av nye faktabøker og Bjørk Matheasdatter kjem

Bibliotekarane ved Lindås bibliotek presenterer eit utval av fagbøkene som er utgjevne i 2017. På denne kvelden får du ei oversikt over kva som er kome ut av biografiar, kokebøker, hobbybøker, naturbøker og mange andre spanande bøker om samfunnet og verda rundt oss. Her vil det verte mange gode lese- og julegåvetips!

Bjørk Matheasdatter kjem og snakkar om boka si «Å elske og bli elsket : hvordan ta vare på kjærligheten?». Boka handlar om kjærleiken og forfattaren kjem med gode råd til korleis ein kan halde vedlike kjærleiken og få det betre om det ikkje er så bra. Matheasdatter er parterapeut og er fast spaltist i Dagbladet Magasinet.

«Jeg tviler på om det er noen i Norge som kan formidle kjærlighetslivets mange gleder og utfordringer med så stor inderlighet og varme, innsikt og klokskap som det Bjørk Matheasdatter gjør» (Psykologiprofessor Frode Thuen i forordet)

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 29. november 19:00
Vaksne
Litteratur
http://www.mittnordhordland.no