Skal det vere nokre tusenlappar?

Treng laget ditt pengar? Kan hende songkoret treng pengar til ein solist, revygruppa treng pengar til kulissar eller idrettslaget ønskjer å engasjere ein brannspelar til eit foredrag? Ofte vil ein meir enn det er pengar til. Men det er håp! Strilabiblioteket har invitert Per Ole Ekker frå Frivilligsentralen til å vise korleis du kan bruke Tilskuddsportalen for å få støtte til prosjekt. Dette arrangementet passar for styremedlemmar og alle som ønskjer utvikling i laget dei er med i.

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: onsdag 8. november 19:00
Vaksne
Møte og foredrag
http://www.mittnordhordland.no