Verkstadsaktivitetar - eksperiment på biblioteket

Vi følgjer opp dei kjekke eksperimentstundene med Siri og Håvard frå i vår og inviterer til nye eksperiment, i haust med Erna og Thomas.
Dei fleste forsøka er lette eksperiment du og foreldra dine kan ta med heim å prøve seinare. På denne måten vert kjemien forklart og vist på ein enkel måte som gjer det spanande og gøy å lære kjemi!
Passar for alle barn frå 7-12 år.

Erna og Thomas er elevar ved Knarvik vidaregåande skule. Dei skal gjere dette i haust:

Tysdag 3. oktober: Under første arrangement har vi tenkt å vise alt frå kule triks med bruk av kjemien sine lover til bygging av til dømes lavalampe. Det blir artige eksperiment som både vi, men også du, får lov å vise og prøve. 

Tysdag 10. oktober:  Under det andre arrangementet vil vi mellom anna vise korleis du kan lage enkle ting ved hjelp av ingrediensar du har i huset ditt. Det vert mellom anna laga magisk snø og ein tornado ved hjelp av to flaskar. 

Tysdag 7. november: Under tredje arrangement vil vi mellom anna vise korleis vi får til triks som å balansere to fyrstikker oppå kvarandre ved hjelp av flammer og få ein cola boks til å balansere på ei av sidene.

Tysdag 14. november: Under fjerde arrangement skal vi vise korleis ulike ting reagerer med kvarandre  og mellom anna lage eit Mentos-cola skateboard!

Arrangør: Strilabiblioteket
: Lindås bibliotek, Knarvik senter
Tid: tirsdag 7. november 16:30
http://www.mittnordhordland.no