Du er her: Start/Nyhendearkiv
Gutt med skjellettkostyme HW 2017

ADVARSEL! Skumle bilder!

Den årlige Halloween-festen på Kafé Losen gjekk av stabelen tirsdag. Sjå bilder frå en skrekkeleg bra kveld, der borna (og vaksne) kosa seg grusomt!

 

—Folk storkoste seg og det gjekk unna på godtebordet med slim,monsterbamser, sølekaker, blod og anna gugge!

Dette fortel Hege Aga. Ho driv Fedje kafé og catering AS, som no arrangerte Halloween-fest for born for tredje år på rad.

—Eg byrja med denne felles feiringa grunna sonen min Adrian. Då han ville gå på dørene, kom han heim lei seg fordi nokon kjefta og ga tydeleg uttrykk for si misnøye. Dette likte eg lite, og dermed samla eg til felles moro for born, fortel Hege om korleis det heile starta.

Ho synes det er viktig at borna får ein fest av og til, og ikkje berre dei vaksne.

­­ I år tippar ho 50-60 personar var innom.

— Kjempegøy at det er så populært,  neste år lyt vi flytta det til Hauen (ungdomshuset, red.anm.)  grunna plassmangel!

Ei heks med assistent klar for Halloween-feiring
Ei heks med assistent klar for Halloween-feiring
Mostergutt
Det var ikkje fritt for å møta på verken monstre eller zombiar denne aftanen.
Mat HW 2017
Ein imponerande Halloween-buffet vart ein stor suksess.
Lilla jente
Ei lita lilla skremde dei som våga seg i trappa!
Vaksne på Halloween
Vaksne såg ut til å mora seg grøsseleg óg!
Gutt kledd ut som Darth Vader
Darth Vader som gut dukka opp!
Tre jenter
Fryktinngytande jenter med imponerande sminke på Losen!
Web levert av CustomPublish