Kommunehuset på Fedje

Kommunehuset på Fedje

Administrasjon

Sentraladministrasjonen i Fedje kommune er lokalisert i Kommunehuset som har adresse Stormarkvegen 49. Sentraladministrasjonen er rådmannen, toppleiargruppa og rådmannen sin stab.

Rådmann i Fedje kommune er Ingebjørg Vamråk. Ein rådmann er i Noreg den øvste leiaren for ein fylkeskommunal eller kommunal administrasjon. Rådmannen pliktar å setje i verk vedtak i kommunen sine politiske organ og å sørgje for at alle saker er greidde ut før dei blir lagt fram til politisk handsaming. I kommuneloven blir rådmann no nemnt som administrasjonssjef. Rådmannen sine funksjonar er definert i paragrafane 22 til 24 i kommuneloven. E-post: ingebjorg.vamrak@fedje.kommune.no

Telefon: 56165106/48158210

På kommunehuset sit toppleiargruppa som er rådmann, assisterande rådmann og plan- og utbyggingssjef. På kommunehuset finn du og rådmannen sin stab: økonomi- og IT-ansvarleg, personal- og organisasjonsrådgjevar, kommunikasjonskonsulent og arkivansvarleg.

Me samarbeidar med Austrheim kommune om skatteoppkrevjarfunsjonen. Skatteoppkrevjar er Susann Dragøy, tlf 56 16 21 17. Susann.dragoy@austrheim.kommune.no

Web levert av CustomPublish