Regionale kart/flyfoto
Vêrmelding for Fedje
Postliste
”Kulturvandring gjennom landsbyen i havet.”
Laurdag 21. august vert det ”Kulturvandring gjennom landsbyen i havet” på Fedje.
Dette er Fedje kommune sitt nye bidrag til Kystsogevekene.
Publisert av Gunnarson, Dagrun. Sist endret 09.06.2010
PernillekafeenHer kan du kjøpe mat heile dagen, og få med deg ein minikonsert kl. 11.45
fotografJan Torry Sande
U864-collageKrigsminneutstilling i gymsalen (Fedje skule) kl. 10.30 til kl. 16.00
fotografDiverse
Bedehuset-1Klassisk bedehusbasar frå kl. 16.00
fotografElin Aadland
Fedje kyrkjeKyrkja held open dag frå kl. 10.30 til 16.00
TrafikksentralenOpen dag i Trafikksentralen frå kl. 12.30 til 14.30
Naust i SulefjeroSjå "Landsbyen i havet"
fotografJan Torry Sande
Det heile byrjar med Kvartetten i Kvalutsalet. Kvartetten er det lokale mannskoret som har sitt reportoar trygt forankra i Bedehuskulturen. Ein kan vanskeleg snakke om kystkultur utan på kome inn på bedehusa og deira rolle i lokalsamfunna oppover kysten. Kvartetten held ein minikonsert ved Kvalutsalet, der du kan handle deg eit stykke kvalkjøt frå den lokale kvalskuta Olavsson. Neste stopp er den nye Pernillekafeen. Der vert det ein minikonsert med gitar og tverrfløyte. Som tidlegare år vert det mogeleg å få kome opp i Trafikksentralen. I gymsalen på Fedje skule vert ei krigsminneutstilling med vekt på U-864. Historia om ubåten har prega mediebilete dei siste åra. Fedje Event Management arrangerer familieshow med tryllekunstnaren Andini, og allsang med Rune Larsen, i Fedje fleirbrukshall. Kyrkja held open dag slik at dei som ønskjer det kan få kome inn og sett den. På ettermiddagen vert det tradisjonell basar på Bedehuset med åresal og flotte gevinstar. - Basar på Bedehuset er levande norsk Kystkultur på sitt mest tradisjonsrike, meiner kultursekretærJan Torry Sande i Fedje kommune.

Går det an å få seg noko og ete og drikke? Pernillekafeen og Holmen Cafe er tilbod for svoltne og tørste. For dei som ønskjer å organisere seg sjølv er Fedje handel midt i smørauget.

Etter eit vedtak i komitè for oppvekst- og omsorg i vinter byrja kultursekretæren å jobbe med ei endring av Fedje kommune sitt bidrag til Kystsogevekne. Grunntanken i endringane var å snu utviklinga frå ein Torgdag der seljarar kom til øya for å selje sine produkt, til eit arrangement der Reiseliv og Næringsliv på Fedje får ein sjanse til å vise seg fram for folk som kjem hit.

- Første steg var å kvitte seg med namnet Torgdag, seier kultursekretæren. Fedje kommune arbeider ut i frå ein heilt anna ide i år. Det vert ikkje det tradisjonelle torgområdet med sal frå buer. - Vi vil lokke tilreisande, og fastbuande, til å oppleve Fedje gjennom å vandre frå stad til stad og få med seg kulturelle drypp, seier kultursekretær Jan Torry Sande. Spørsmål om arrangementet kan sendast til jan.torry.sande@fedje.kommune.no , eller de kan ta kontakt med kommunen på tlf. 56165110 (91348475)
Bukser og berging
Bukser og berging
Foto : Lisbeth Stuberg
Ferjeruter
Fedje kommune
5947   Fedje
 
E-post : postmottak@fedje.kommune.no
 
 
Telefon : 56 16 51 00
Faks : 56 16 51 19
Org.nr. : 944 041 036
Kontonr. : 3490.05.20400
Kommunenr. : 1265
_
Åpningstid : 08.30-15.00
 
  Utskriftsvennlig versjon spacer skille Søk spacer skille Tips en venn spacer skille Kontakt
 
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Levert av ACOS AS